[02.06.09] | Etter at Bondebladet skreiv om at myte stoppar BU-midlar, har samtlege lokallag til Bondelaget og produsentlag til Tine i kommunane Hå, Time og Klepp tatt affære.
I brevet til Strategigruppa for landbruksbasert næringsutvikling, blir det vist til årets jordbruksforhandlingar og gjeldande fordelingspolitikk når det gjeld BU-midlane. Det blir slått fast at gjeldande praksis er svært urovekkjande. Jærkommunane er ikkje prioritert når investeringsmidlar skal delast ut. Eit av argumenta er at jærbonden er så aktiv og ekspansiv som han er - og korleis skal det verta om han får BU-midlar i tillegg?
Saka er at jærbonden i dag er sterkt pressa. Det er framleis mange som ikkje har fornya driftsbygningar - og dei som har gjort det, har det svært stramt økonomisk, blir det slått fast i brevet.
|
|
|